18. mar. 2026
Tid: kl. 09.00 – 11.30
Sted: Trekanten, Pilestredet 24, Oslo
DEL&LÆR: Plast nok? Tid for eksnovasjon
18. mar. 2026
Tid: kl. 09.00 – 11.30
Sted: Trekanten, Pilestredet 24, Oslo
2026.02.03 14:03
Plast representerer eit av det størte miljøproblema i verda i dag. Mange har fått auga opp for plastproblemet dei siste åra, men i byggebransjen er det status quo. Er det på tide å eksnovere plasten?
I FutureBuilt snakkar vi mest om innovasjon, men denne gongen er det eksnovasjon som står på agendaen. Eksnovasjon er eit nyord som handlar om å avvikle, kutte ned eller kutte ut. Berekraft handlar nemleg ikkje berre om å leggje til meir, men òg om å rydde bort det gamle som ikkje fungerer.
Vi får besøk av kjemikar og podcastar Alexander Sandtorv, som er aktuell med boka Plastparadokset, med den høgst relevante undertittelen «hvordan plast ble uunnværlig, og hvorfor vi må bruke mindre av det».
Vi lanserer eit rykande verktøy vi har utvikla for å registrere og sortere plastbruken i bygg og eit revidert kriteriesett for plast i bygg.
Og vi får sjølvsagt presentert aktuelle byggeprosjekt som jobbar med å redusere plastbruken og finne betre og meir sirkulære måtar å bruke plast på.
Vi avsluttar med diskusjon.
Program
08.30 Kaffi og bakst
09.00 FutureBuilt og plast
Erlend Seilskjær, fagleg leiar, FutureBuilt
Plastparadokset
Alexander H. Sandtorv
Handelens Miljøfond og plast
Meir informasjon kjem
FutureBuilt sine kriterium og verktøy for plast – lansering av ny revisjon!
Nora Holand Hay, fagrådgjevar, FutureBuilt
Plast i byggjeprosjekt. Case: Kirkegata 20
Line Røseth Karlsen, berekraftsansvarleg i Höegh Eiendom, og Martin Skjøstad Andersen, seniorrådgjevar, klima og berekraft, og Erlend Brenna Raabe i Vill Energi
Plast i byggjeprosjekt. Case: Sørkedalsveien 8
Thea Sundell Robberstad, miljørådgjevar, Rambøll
Design bort plast
Meir informasjon kjem
Samtale
11.30 Takk for i dag
Arrangementet gjennomførast med støtte frå Handelens miljøfond.
Praktisk informasjon:
Arrangementet er gratis. Du kan sjølv velja om du vil delta fysisk eller digitalt. Vi gjer merksam på at innlegget til Aleksander H. Sandtorv ikkje vil vera tilgjengeleg på nett i etterkant av arrangementet.