18. mar. 2026
Tid: kl. 09.00 – 11.30
Sted: Trekanten, Pilestredet 24, Oslo
DEL&LÆR: Plast nok? Tid for eksnovasjon
18. mar. 2026
Tid: kl. 09.00 – 11.30
Sted: Trekanten, Pilestredet 24, Oslo
2026.02.03 14:03
Plast representerer eit av dei største miljøproblema i verda i dag. Mange har fått auga opp for plastproblemet dei siste åra, men i byggebransjen er det status quo. Er det på tide å eksnovere plasten?
I FutureBuilt snakkar vi mest om innovasjon, men denne gongen er det eksnovasjon som står på agendaen. Eksnovasjon er eit nyord som handlar om å avvikle, kutte ned eller kutte ut. Berekraft handlar nemleg ikkje berre om å leggje til meir, men òg om å rydde bort det gamle som ikkje fungerer.
Vi får besøk av kjemikar og podcastar Alexander Sandtorv, som er aktuell med boka Plastparadokset, med den høgst relevante undertittelen «hvordan plast ble uunnværlig, og hvorfor vi må bruke mindre av det».
Vi lanserer eit rykande ferskt verktøy vi har utvikla for å registrere og sortere plastbruken i bygg og eit revidert kriteriesett for plast i bygg.
Og vi får sjølvsagt presentert aktuelle byggeprosjekt som jobbar med å redusere plastbruken og finne betre og meir sirkulære måtar å bruke plast på.
Vi avsluttar med diskusjon.
Program
08.30 Kaffi og bakst
09.00 FutureBuilt og plast
Erlend Seilskjær, fagleg leiar, FutureBuilt
Når vi bor i plast: Plastparadokset
Alexander H. Sandtorv
(ikkje tilgjengeleg på nett i etterkant av arrangementet)
Handelens Miljøfond og plast
Synnøve Fagerhaug Dalen, fagansvarlig sirkulær plastøkonomi, Handelens Miljøfond
FutureBuilt sine kriterium og verktøy for plast – lansering av ny revisjon!
Nora Holand Hay, fagrådgjevar, FutureBuilt
Plast i byggjeprosjekt. Case: Kirkegata 20
Line Røseth Karlsen, berekraftsansvarleg i Höegh Eiendom, og Martin Skjøstad Andersen og Erlend Brenna Raabe begge seniorrådgjevar klima og berekraft i Vill Energi
Plast i byggjeprosjekt. Case: Sørkedalsveien 8
Thea Sundell Robberstad, miljørådgjevar, Rambøll
Design bort plast
Tine Hegli, professor, AHO og Arnkell Jonas Petersen, førsteamanuensis ved NMBU og professor II ved AHO
Samtale
11.30 Takk for i dag
Arrangementet gjennomførast i samarbeid med Vill Energi og med støtte frå Handelens miljøfond.
Praktisk informasjon:
Arrangementet er gratis. Du kan sjølv velja om du vil delta fysisk eller digitalt. Vi gjer merksam på at innlegget til Alexander H. Sandtorv ikkje vil vera tilgjengeleg på nett i etterkant av arrangementet.
Her kan du laste ned revidert kriteriesett for plast i bygg, berekningsverktøy og rapportmal.
Kriterier plast i bygg V2.0_18.03.26
Future Built plast beregningsverktøy V2.0_18.03.26
Rapportmal plast i bygg_160326
Fulltegnet for fysisk deltakelse. Ønsker du stå på venteliste, send en mail til futurebuilt@futurebuilt.no. Digitale deltakelse trenger ikke påmelding. Vi streamer fra denne siden.